lørdag 10. september 2011

2. skift på Baphumelele


Her er vi på veg ut til barneheimen for å ta fatt på skift nr 2. Dette er deler av Khayelitsha, som er det området som barneheimen vår ligg i. Gata der barneheimen ligg i ser heldigvis litt betre ut enn dette...



Dagen vi kom ut var veret heldigvis bra, og vi fekk ta ungane med ut i sola. Kjekt å kunne vere litt ute! Her er det Zintle på 1,5 år som kosar seg i sola :)



Anita hjelper Patrick ned sklia :)



Tromming på biltak kan vere bra dansemusikk for desse rytmiske ungane her...


Foringstid for Patrick og Zintle etter ein fin dag i sola.


Moeketsi er blid og fornøgd som alltid :)


Ny omn og vannkokar, jippiii!!!


Gourmetkokken på gourmetkjøkkenet.


"Anita! E sa du skukje ete opp all sjokoladen!!"


Kjøkkenet og litt av stua ute på barneheimen.




Stua.








Dag nr to starta som vanleg med leik med ungane. Her gyngar Zintle, Patrick og Moeketsi medan Elise passar på.



Utpå dagen tok oss turen til Herschel Girls School, som ein ein Highscool som ligg i Cape Town. Vi møtte rektoren på denne skulen og nokre av jentene ute på barneheimen ein dag vi var på jobb. Rektoren forklarte at dei driv ein del veldedig/frivilleg arbeid på skulen, og han inviterte oss til å kome og sjå korleis dei jobba med dette, pluss å vise oss rundt på skulen. Vi takka sjølvsagt ja :)



Trine, Nina og rektoren Bruce Probyn. Engasjert, positiv og hjelpsom mann!


Ein dag i veka kjem elevar frå townships inn til denne skulen, der dei får hjelp med leksene frå jentene som går på jenteskulen. I tillegg driv dei med anna frivilleg arbeid, so vi har fått litt råd og tips med dei med tanke på korleis vi skal få mest mogleg ut av pengane vi har samla inn.


Asemathle og Trine teiknar litt i starten på dag tre. Lurejente :)


Liphelo på veg å finne seg ei bok ho vil lese.


Herlig bilde av ei blid Zintle!


Lesestund :)


Asemathle :)


Nokre kjekke ungar frå nabolaget oss møtte utanfor barneheimen. Dansa Michael Jackson og sang Beyonce til oss, rett so flinke :D



Litt tv-sjåing før senga siste kvelden før friperiode.


Damene på shopping første fridagen. Og ja, dei har faktisk stooore kjøpesenter i Afrika også! :)


Vi vil bruke litt av pengane som er samla inn til å kjøpe sko til ungane på barneheimen. Ganske mange av dei har veldig dårlege sko med hol både her og der, i tillegg til å vere for små. Starta med dei minste først, her har Anita kontroll på størrelsane :)



Avslutta dagen med sukkersjokk på cafe.....







Nam-nam! (For dei som trudde at dokke får heim tre radmagre, gyllenbrune damer tek dokke grundig feil-det blir nok heller tre bleikfeite, late pizzakjerringar....)

4 kommentarer:

Torill sa...

Bra dokke skeia ut litt , d e no "ferien" dokka ;) Men syns d ser ut so dokke kosa dokke på "jobb " mæ e ;)
Den nye kokeplata såg mykje meir innbydande ut enn den gamle, så her kan nok gourmetkokken Nina trylle fram mykje snacks ;)
Kjekt å "sjå" frå dokke igjen :)
Klem t alle 3 <3

MoNel81 sa...

Kjekt å se at dere koser dere!! Ungene er bare nydelige!!

Vera sa...

Kjekt å sjå at det dokke he samla inn kjem til nytte;)
nyt fridagane;) takk for at e fe blogge om dokke;) tru det bli i dag;)

Anita sa...

Det kan vi love, at det som er samla inn skal komme til nytte. Skoa er berre begynnelsen :)