søndag 11. september 2011

Township-tour


Idag var vi klare for den siste av dei organiserte turane vi hadde bestilt på forhand. Turen gjekk inn i townshipen Langa for å sjå oss rundt der, i tillegg til å få høyre ein del historie rundt desse. Her tinar dei saudehaud i sola, ikkje akkurat slik oss tinar dei...? Her kallar dei saudehaud for "smileyface" pga at når dei blir kokte trekker musklane seg saman, som igjen fører til at sauden smiler :)


Vi var inne i eit hospits for å sjå korleis enkelte av innbyggarane her bur. På dette soverommet søv tre vaksne par, og det var ikkje mykje privatliv her...


Her er opphaldsrommet, der alle borna søv. Totalt bur det 16 personar i denne leiligheita. Trongt om plassen vil eg tru...


Neste leilighet var det bedre tilstandar. Her budde ei familie for seg sjølv. Her budde ein liten krabat, so Anita gav eit teppe ho har strikka sjølv til dei som budde her, pluss nokre heimestrikka sokkar. Dei blei glade og fornøgde med gåva :)


Dette hang på veggen til denne familien. Print ut og heng opp....


Blei jaggu tid til litt shopping i townshipen også!


Møtte nokre gutar som spelte biljard på heimelaga brett :)


Deretter var det klart for ein tur på den lokale puben....



Dama i bakgrunnen er eigaren av puben, her er ho igang med å gjere klart ølet vi skal få smake.




Ølet er servert!



En sup til Trine....



...og en til Nina-smakte faktisk ikkje so aller værst!



Deretter var det møte med heksedoktoren...



Litt av remediane hans som kunne kurere alt frå magetrøbbel til vanskelege mannfolk...


Heksedoktoren himself!


Trine ser ganske mistruisk ut, medan Nina er ganske imponert.


Neste stopp var besøk i kirka for å sjå korleis søndagspreika her nede er....


Det var virkeleg noko anna enn i den norske kirka! Her var det song og musikk og full fart....virkelig ei opplevelse å få vere med på, kan ikkje beskrivast utan at ein har vore der!


Siste stoppen var Khayelitsha, som er townshipen barneheimen ligg i. Dokke ser ein liten del av den her. Mellom 1 og 2 millionar menneske bur her.


Etter township-turen var unnagjort, blei det avgårde for å få oss litt mat (kan no ikkje risikere å bli svoltne....). Denne badestranda låg rett ved sidan av restauranten...berre litt varme som manglar no, so skal det nok bli litt grillings her før vi reiser heim!



Dagen blei avslutta med ein tur på kino.



Anita klar for Løvenes Konge med 3D-briller og sprettkønn! Fin avslutning på ein veldig fin dag :) Forøvrig vekas beste uttalelse på veg heim frå kino....anonym person til taxisjåføren, som kjem for å hente oss seks damene som har vore på kino :" Is it plass for six??".....Joda-joda... :D

4 kommentarer:

Torebror sa...

Plass for six.....STEIK KOR GALNE DOKKE E!!!!! He Ingvald og komt ned?? Syns e ser bilen hans bak "jalla" bordet i townshipen:=)

Nina sa...

Bli nåkre taleleifa av å te....men d ekje nåke problem! :) Ingvald e her ja, tru han he fått se sommarjobb her nede....

Mor Løvlid sa...

Litt skeptisk ti han der Heksaedoktoren. Men har sikkert med.for det meste. IKKJE prøv.Ellers ser alt spennande ut. Kos dokke. Klem.

Anita sa...

Ser du du likte det lokale oelet, eg er ganske saa enig, for aa vaere oel saa var det faktisk ikje saa verst ;)