Tok litt bilete på veg til siste skiftet vårt på barneheimen. Må ha med oss mest muleg minner! Her er vi snart komt fram til barneheimen, og som dokke er det mykje ein kan få kjøpt på gata-her eit utval dører!
Litt fleire dører....
Senger.....(veldig dårleg bilde, men er ikkje so lett å ta bra bilde i fart....).
Grønsakshandelen.
Kjekt å treffe att ungane igjen! Her litt dans før leggetid.
Trine og Nina lagar gele som vi skal servere ungane dagen etter. Må kose oss litt sidan det er siste skiftet vårt! Anita er forresten reist tilbake til frivilligheitshuset i Table View for å kunne reise til doktoren imorgon, då ho framleis ikkje er bra i halsen. Kryssar fingrane for at ho kjem att imorgon!!
Dag to starta med litt frisering av Asemathle-blei so fin att! :)
Trine og Elise skjær opp litt grønsaker til middagen. Den gulbeige greia som ligg på benken og som delvis er oppskjært er graskar.
Trine og Nina tok enda ein runde rundtomkring i leiligheitene for å sjekke om skoa vi hadde med denne gongen passa. Berre to som vi måtte bytte denne gongen, so det nærmar seg! Elise vil ta med dei to nye para neste gong sidan vi har siste skiftet no. Takk, snilde Elise!
Anele får extentions, spennande med langt hår!
Liyema får også nokre extentions.
Asemathle godt parkert i den tomme legoboksen! Legoen har forøvrig virkeleg vore ein suksess, dei leikar med den kvar einaste dag, og den blir heller ikkje øydelagt ;)
Etter kveldsmaten var det klart for litt gele, fall i smak det!
Moeketsi og Trine, nam-nam!!
Søte Liphelo :)
Litt frisering blei det også på tampen av dagen :)
Medan ungane er på badet og får seg ein dusj, blir pysjane og tannkostane gjort klare.Klart for Lalatime!
Siste dagen vår skal vi ha med ungane på leikeland, det blei ein suksess! Her har Zintle pynta seg forandledninga i kjole, so fin att :)
Pink ladies!
Trine og Asemathle :)
Sanelisiwe og Liphelo-søtnosar!
Alle på rekke på veg til bussen som hentar oss!
Liphelo og Liyema fastspent og klare!
Asemathle og Lithemba!
Sanelisiwe og Anele!
Moeketsi og Zintle!
Tre av Sisiane, Elise og Anita.
Søvndyssande å køyre buss :)
Nina og Zintle på veg inn til leikeland.
Jimmy Jungles, here we come!!
Tjohoo,dette er moro!!
Weeeee! :)
Anele kosar seg :)
Anita tek seg ein pust i bakken...
...og ein pust i bakken for ungane også med litt snacks og saft.
Jane waiting for Tarzan.....!!
Zintle kosar seg i ballbingen!
Pobota, Nina, Tula, Leonie, Anita, Elise og ei Sisi vi ikkje veit namnet på...med Zintle på ryggen og Liphelo i hjørnet :)
Ute og ser seg litt rundt i den store verda :)
Etter Jimmy Jungles blei det ein tur på KFC for litt mat.
Vår snilde sjåfør Tofie (som er den same som bruker å køyre oss til og frå barneheimen) tok oss med på ei kjempefin badestrand i Falls Bay slik at ungane fekk springe og leike seg litt i sanden. Verdas kjekkaste mann!!
Sisiane koste seg minst like mykje som ungane-her er det Pobota som poserer :)
Tula, Zintle og Liphelo.
Trine og Zintle.
Zintle :)
Tre fornøgde damer :)
Heile turfølget!
Tvillingane Anele og Sanelisiwe :)
Pobota, Tula og alle ungane. Patrick blei ikkje med, sidan han er med fostermamman sin i helgane.
Blir tørst av all aktiviteten :)
Etterpå gjekk turen til ei anna strand i False Bay, der det blei is på heile gjengen.
Gjengen på veg ut frå badet etter bleieskift!
Anita bestiller is til alle.
Alle kosar seg i sola med is :)
Godt med is!
Vi kom heim ca kl 17, og då vart det litt leiking før kveldsmat og senga. Søv vel godt denne natta etter ein lang dag med mykje opplevingar frå ni morgonen til fem på ettermiddagen! Kjempekjekt å kunne gjere dette, og hugs at det er alle dokke heime som har donert pengar som har gitt ungane denne flotte dagen! Tusen takk til alle frå ungane og Sisiane!!
Oss ilag med dei to Sisiane Tula og Pobota som vi har fått best kontakt med. To supre damer som gjer ein kjempejobb med alle ungane og tek vare på dei som sine eigne! Vi kjem til å sakne dokke!
Dei hadde til og med baka muffins til oss som avslutningsgåve :) Oss blei nok både glade og rørte for det....
Sidan vi damene har meir enn nok klede heime, og dessutan byrjar å få problem med å få plass til alt i kofferten på veg heim, gav oss vekk nokre av kleda våre. Her er Pobola med Nina sin genser, Trine si bukse, og Anita sine sko :)
Som dokke ser, sette ho stor pris på det! :)
Tula fekk ei bukse av Anita, og Nina sine sko, ganske nøgd ho også :)
Måtte sette avtrykk frå oss i leiligheita siste dagen vår....
Vi hadde ein kjempefin siste dag med mange fine opplevingar for alle saman-ei veldig fin avslutning på alle våre dagar ute på Baphumelele! Sjølv om det var ganske trist å seie hadet til alle ungane og Sisiane, trøystar vi oss med at desse borna har det etter forholda bra, og vi har fått utallige opplevingar og erfaringar som vi vil ha med oss resten av livet! Vi er heldige som har fått oppleve dette!!! :)