Idag har heile dagen gått med på fjelltur til Table Mountain. Fjellet ligg rett bak sentrum av Cape Town, og gir ei fantastisk utsikt i alle retningar. Anita på veg opp i solskin-heldigvis mykje bedre ver idag enn igår :)
Trine og Nina nesten oppe, og heldigvis har tåka letta ein god del.
Flatt og fint når vi kom opp! Gjekk ein tur oppe på platået for å sjå oss rundt, veit ikkje heilt kva det er Trine studerer her da men.... :)
Tre fornøgde damer på eine ustiktspunktet på Table Mountain, kjempefin tur!
Heldigvis forsvann tåka rett før vi skulle gå ned att, passa bra slik at oss fekk nyte den nydelige utsikta :)
Imorgon er det første arbeidsdagen vår på barneheimen, og vi er ganske so spente....gledar oss masse! Dokke vil ikkje høyre frå oss før vi er ferdige med dei tre dagane der ute, kjem tilbake søndag med nye oppdateringar :)