torsdag 6. oktober 2011

Investering av innsamla pengar

Vi vil no forklare litt om kva vi vil bruke dei innsamla pengane på. Når vi kom ned hit fann oss fort ut at denne barneheimen er i veldig god stand, og at ungane har dekka alle dei grunnleggande behova sine. Vi undersøkte ei stund om det var noko vi kunne bruke pengane på her, sidan grunnlaget for innsamlingsaksjonen var å bruke pengane på barneheimen. Ca 1/4 av pengane har vorte brukte på nye sko til alle ungane på barneheimen (knapt 60 stk), litt leiker og ei utflukt. Ellers fann vi fort ut at her ikkje var noko viktig å gjere og som vi fekk ein god følelse av å bruke pengar på-heller stikk motsatt. Ein knapp månad før vi kom ned, hadde ein organisasjon som kallar seg "New Kids On The Block" foretatt ei totalrenovering av barneheimen. Renoveringa innebar blandt anna utskifting av vindu, målingsarbeid, oppsetjing av leikestativ og tørkestativ for klede, nye sengar og madrasser og såing av gras og ein grønsakshage. Alt dette har det ikkje vore muleg for oss å finne ut før vi reiste ned. Grunnen til det var at vi for det første ikkje fann noko særleg informasjon om dette på nettet. For det andre fekk vi beskjed frå vår kontaktperson i Atlantis at vi ikkje skulle opplyse om at vi hadde samla inn pengar til dei som jobbar her nede på barneheimen. Dette gjorde at vi byrja å sjå oss om etter andre alternativ. For at dokke lettare skal kunne forestille dokke kor bra standarden på barneheimen er, legg oss ut nokre bilete :


Kjøkken med blandt anna steikeomn og mikrobølgeomn i ei av leiligheitene for dei større ungane.


Jente-soverom :)


Toalett (har bad med dusj i tillegg, det gløymde oss å ta bilde av...).


Soverommet for dei minste på Babyhuset.


Soverommet for dei litt større ungane på Babyhuset.


Opphaldsrommet.


Kjøkkenet på Babyhuset med steikeomn, mikrobølgeomn og ellers alt du treng.

Sidan standarden er so bra som den er på barneheimen, har vi bestemt oss for å bruke ein del av pengane på ein organisasjon som heiter "Stop Hunger Now". Organisasjonen organiserar pakking av mat som er utført av frivillege. Ein pakke kostar 12 rand (ca 9 nkr ), og denne består av ris, soya tørka grønsaker, vitaminar og mineralar. Ein pakke mettar seks personar. Desse pakkane blir fortrinnsvis delt ut på skular og barnehagar som ikkje er registrerte i det offentlege. Skular som er registrerte, må betale ei avgift på 100 rand pr born. Borna som går på desse skulane, får mat på skulen."Stop Hunger Now" engasjerer seg i skulane som ikkje har økonomi til å registrere seg, og dermed ikkje har tilbod om mat til ungane. Maten blir ikkje sendt med ungane heim, då fleire av forledra sel maten vidare for å få pengar til alkohol o.l. Mange born gruar seg til helgar og feriar pga at det einaste måltidet dei får er på skulen. Utdelinga av mat er også ei "gulrot" for å få ungane til å gå på skulen.


Ein pakke som mettar 6 personar.

Vi vil kome tilbake med meir utfyllande informasjon når vi kjem heim. Har dokke lyst å lese meir om "Stop Hunger Now", kan dokke gå inn på denne linken : http://www.stophungernow.org/site/PageServer

4 kommentarer:

Torill sa...

Kjempebra ;) Ser ut til at ungane på barneheimen har det veldig bra , så der er nok mange som har det mykje mykje verre :( Heilt supert at ''våre'' pengar kan hjelpe dei ;) God tur heimover :) Klem :)

Mor Løvlid sa...

Dette ser ut som en veldig fin barneheim.Bra dokke har funne nokon som virkelig treng det. Dokke er kjempeflinke.Er stolt av dokke.No gler vi oss veldig til å treffe dokke att. God tur heim:)Klem:-)

Nina sa...

Ja oss følte d va rett å jær d slik so oss he gjort d no, bli litt feil når vi måtte gå å leite etter ting å bruke pengane på om dokke skjøna. Bedre å tenke at når du he donert ni kroner, so mettar du seks personar! :) Nåke so virkelig e viktig....Gleda m t å treffe dokke m att, klemma tilbake t begge to! :)

Anonym sa...

geotorelxz credit card consolidation
consolidation loans
credit card debt help