Kjøkken med blandt anna steikeomn og mikrobølgeomn i ei av leiligheitene for dei større ungane.
Jente-soverom :)
Toalett (har bad med dusj i tillegg, det gløymde oss å ta bilde av...).
Soverommet for dei minste på Babyhuset.
Soverommet for dei litt større ungane på Babyhuset.
Opphaldsrommet.
Kjøkkenet på Babyhuset med steikeomn, mikrobølgeomn og ellers alt du treng.
Sidan standarden er so bra som den er på barneheimen, har vi bestemt oss for å bruke ein del av pengane på ein organisasjon som heiter "Stop Hunger Now". Organisasjonen organiserar pakking av mat som er utført av frivillege. Ein pakke kostar 12 rand (ca 9 nkr ), og denne består av ris, soya tørka grønsaker, vitaminar og mineralar. Ein pakke mettar seks personar. Desse pakkane blir fortrinnsvis delt ut på skular og barnehagar som ikkje er registrerte i det offentlege. Skular som er registrerte, må betale ei avgift på 100 rand pr born. Borna som går på desse skulane, får mat på skulen."Stop Hunger Now" engasjerer seg i skulane som ikkje har økonomi til å registrere seg, og dermed ikkje har tilbod om mat til ungane. Maten blir ikkje sendt med ungane heim, då fleire av forledra sel maten vidare for å få pengar til alkohol o.l. Mange born gruar seg til helgar og feriar pga at det einaste måltidet dei får er på skulen. Utdelinga av mat er også ei "gulrot" for å få ungane til å gå på skulen.
Ein pakke som mettar 6 personar.
Vi vil kome tilbake med meir utfyllande informasjon når vi kjem heim. Har dokke lyst å lese meir om "Stop Hunger Now", kan dokke gå inn på denne linken : http://www.stophungernow.org/site/PageServer
4 kommentarer:
Kjempebra ;) Ser ut til at ungane på barneheimen har det veldig bra , så der er nok mange som har det mykje mykje verre :( Heilt supert at ''våre'' pengar kan hjelpe dei ;) God tur heimover :) Klem :)
Dette ser ut som en veldig fin barneheim.Bra dokke har funne nokon som virkelig treng det. Dokke er kjempeflinke.Er stolt av dokke.No gler vi oss veldig til å treffe dokke att. God tur heim:)Klem:-)
Ja oss følte d va rett å jær d slik so oss he gjort d no, bli litt feil når vi måtte gå å leite etter ting å bruke pengane på om dokke skjøna. Bedre å tenke at når du he donert ni kroner, so mettar du seks personar! :) Nåke so virkelig e viktig....Gleda m t å treffe dokke m att, klemma tilbake t begge to! :)
geotorelxz credit card consolidation
consolidation loans
credit card debt help
Legg inn en kommentar