fredag 30. september 2011

Sol og kino...


Idag har dagen stort sett gått med til soling, soling og atter soling....må nytte anledninga når veret endelig ligg tilrette for litt bræsing! Utpå ettermiddagen blei det ein tur til kjøpesenteret i området her, der det blei siste middagen på favorittrestauranten vår-kjempegod mat der! :)


Trine og Nina ready to dig in!


Åssoooo må oss sjølvsagt vise fram billetten oss henta på Checkers, sopass oss er klare for årets konsertopplevelse-weeeee!!

Blir siste natta på frivilligheitshuset no, litt rart....tek laust på siste skiftet på barneheimen imorgon tidleg, det blir iallefall rart....og sikkert litt trist å seie hadet til ungane. Men vi skal iallefall kose oss skikkeleg dei tre siste dagane vi har der ute :) Mandag blir det tur på leikeland med alle ungane i Babyhuset, skal bli kjekt! Ha ei god helg alle saman, det skal vi ha :)

torsdag 29. september 2011

Shopping!


Idag er det ikkje so mykje å berette frå oss her nede i sør....stort sett heile dagen har blitt tilbrakt på shoppingsenter (sjølv om planen ikkje var å bruke heeeile dagen der...). Men som kvinnfolk flest, so har oss ikkje dei heilt store problema med å få tida (og pengane) til å gå der!


Damene har til og med fått seg nye neglar....so får oss sjå kor lenge dei varer :) Og for ikkje å gløyme-oss har just bestilt oss billettar til Coldplaykonsert neste onsdag-gjett om oss gledar oss til det!!! Det må feirast med eit glas raudevin :)

onsdag 28. september 2011

5. skift på Baphumelele


Første dagen vår på skift nr 5 var søndag, og det var faktisk førsten gongen vi har vore på barneheimen ein søndag. Dermed fekk oss med oss søndagens "preike", som dei har kvar søndag utanfor Babyhuset. Ganske so ivrig "prest" kan ein seie....blei vel kanskje litt for mykje for våre sarte, norske sjeler, men oss tok vel ikkje noko skade av det :D


Anita og Moeketsi prøver nye sko før "preika" bjynd :)


Nina og Liyema :)


Elise med Anele, Liyema og Sanelisiwe-blei endeleg litt utetid sidan veret var varmt og godt!


Dagen etter var veret like bra, so det blei litt leik ute i sola idag også.


Zintle og Moeketsi tek middagen ute i det fri-og som dokke ser so er dei også rimeleg klare for ein middagskvil... :)


Middag smakar bedre ute i det fri!


I lunsjen var det klart for nok ein tur rundt om i leilighetene for å sjå om skoa passa denne gongen....


Etter lunsj var det klart for litt leik med ungane igjen. Her er det Zintle og Anele som tullar rundt på matta :)


Søstrene Asemathle og Zintle :)


Liyema :)


Patrick og Zintle :)


Trine og Zintle :)


Liphelo klar for rutsjebana!


Lithemba sjekkar om det skjer noko spennande utanfor barneheimen....


Kjekt med litt hjelp opp stigen til sklia :)


Fekk middag med Sisiane, smakte rett so gøtt! Snilde med oss er dei!


Anita måler foten til Fefakazi, sopass ho får sko som passar :)


Helsing til Rosie (grunnleggaren av Baphumelele) frå Elton John, som heng på veggen inne på Babyhuset.

Med dette var skift nr 5 over, og vi har berre eit skift att. Blir litt rart å skulle reise frå alle dei der ute...


Dagen idag har vi brukt til å gå oss ein tur og prøve å røyve litt på skrotten.....blei også ein tur på badestranda, for vi SKULLE ha oss ein dag på stranda før tida for heimreise kjem!! Skal ikkje skryte av at det var so veldig varmt-blei stort sett å ligge so langt ned i sanden som muleg for å unngå den kalde vinden-men no har oss iallefall vore der! :)


Utsikt mot Table Mountain og sentrum av Cape Town-veldig fin strand :)

lørdag 24. september 2011

Sol og rugbykamp :)





JIPPI!! Idag kom endeleg første bikiniver-dagen, og det var jammen godt! Tok først ein tur på shoppingsenteret for å kjøpe mat, deretter var det rett i bikinien for å få litt sol på kroppen. Deilig oss endeleg fekk litt skikkeleg varme! Anita kosar seg i sola med ei god bok :)



Ute i bakhagen der vi bur, veldig fint :) Hadde berre vore enda bedre om bassenget hadde vore rensa sopass oss kunne bruke det..


Fekk litt tilbakemeldingar på at folk gjerne vil sjå korleis vi bur på frivilligheitshuset, so her kjem nokre bilete derifrå. Her er litt av stua/opphaldsrommet, kjøkkenet lengre inne.


Litt meir av stua.


Kjøkken....


....og litt meir kjøkken.


Huset frå framsida.


Ganske so fint hus :)


Etter å ha sola oss sopass at oss fekk skille, bars det avgårde på rugbykamp. Vi har aldri før sett dette spelet live, so vi tenkte vi måtte få med oss ein kamp og finne ut litt meir kva dette gjekk ut på...


Stadion heiter Newlands, her skal Western Province spele mot Cheetas. Kven vi skulle heie på fann oss ut etterkvart når vi fekk vete kven heimelaget var...


Damene klare til kamp, ute i gooood tid!


Guro, Paloma og Elise er også klare til kamp!


Duskedamer er obligatorisk på rugbykamp...


Heimelaget Western Province på veg inn på bana.


Kampen er i gong, og her skjønar vi faktisk kva som foregår....innkast!


Her er vi ikkje heeeilt sikre, men kanskje ei form for dropp av ballen??


Møljespel??! Ikkje veit vi.... Men vi syntes iallefall at det var hivens å vere med på ein rugbykamp, kunne gjerne tenkt oss og fått med oss ein til! Etter kampen var vi alle einige i at dette er ekte mannfolksport, fotballen heime blir berre for frøkensport å rekne etter dette....Breiskuldra mannebein med musklar av stål var balsam for sjela for damene :D Tjohei!

fredag 23. september 2011

Safari!


Idag var det tidleg opp for å kome oss avgårde på safari, som byrja kl 09:00. Opp kl 05:00, hardt det når det er ein månad sidan sist! Likevel fint å kome oss opp tidleg å sjå oss rundt-her er oss på veg ut til Worcester, der safarien tek til.


Fairy Glen heiter plassen der safarien tek plass.


Bilen vår for anledninga. Dei to guidane våra, ilag med ein gjeng amerikanarar(og ei frå Serbia) som også er klar for safari.


På veg opp til bygget der vi skal ete frukost før safarien startar. To nasehorn er også igong med frukosten :)


Her skal frukosten inntakast. Fin plass :)


Damene klare for frukost. Som dokke ser er det ikkje særleg varmt enda, so vi er godt kledde...


Litt dårleg bilete, men her er bilen vi skal bruke.


Den kjekke guiden vår :)


Ein struts som spratt ut av vegkanten ved sida av oss.


Elegante springbukkar....


.....og litt fleire springbukkar. "Springbok" er forresten nasjonaldyret i Sør-Afrika-so no veit dokke det! :D


Ein flokk med gnu. Trudde forresten dei var mykje større enn det viste seg at dei var....


Fleire gnu...


Ein ???


Litt av det vakre landskapet i området :)


Litt meir landskap...


Laaangt der nede kan oss skimte to elefantar som vi skal treffe etterpå....


Deretter var det ein tur inn i Løvenes Hule!


Far i huset var ikkje so veldig interessert i oss....var meir opptatt av å slye seg i sola til å begynne med...


Løfta litt på hovudet etter kvart...


So litt vasking....


Skikkeleg staseleg kar!!


Og veldig skummel!!! Eller for å vere heilt ærleg, so gjespa han berre her....


Tre til som var gjerda inne, ganske so søte faktisk :)


Avslapning :)


Neste på besøkslista var denne dama, som var opptatt med å leike seg med dette treet...


Bra størrelse på ho her!


Vi var ganske so nær ho, men ho oppførte seg heldigvis fint sjølv om guiden sa ho var prega av PMS.....og då skal ein ikkje prike damene på nasa!!


Ho et ca 250 kg mat pr dag, so det er berre å gafle innpå :)


Eit nasehorn-par som døser av i sola.


Herr.....


...og Fru Nasehorn :)


Antiloper...


Ingen safari utan sebraer!


Fin :) Fekk forresten vite at sebraen er svart med kvite striper....ikkje kvit med svarte striper....


Siste stopp var hos bøffelen....den er so hissig og full av testosteron at vi fekk ikkje inn til dei, men måtte beskue dei utanfor gjerdet.


Staselege horn!


Tid for lunsj før heimreise. Vår kjekke sjåfør Tofie køyrde oss til og frå safarien. Han er den som køyrer oss til og frå barneheimen, veldig triveleg mann :) Melissa frå Serbia til høgre :)


Eit lite blikk på krokodilla før vi starta heim.


Den snilde sjåføren vår ordna ein stopp på ein vingard, sopass det blei litt vinsmaking på oss idag også. Ingen som var misfornøgde med det....


Vi kunne gjerne tenkt oss ein sånn vinkjellar heime :)


Gjengen kosar seg ute i sola :)


Litt utsikt over vinområda på veg heim.

Vi har hatt nok ein fin dag i Cape Town, kjekt med safari! Resten av dagen har vi berre vore heime på frivilligheitshuset, ladar opp til rugbykamp imorgon! :)