tirsdag 30. august 2011

Sightseeing-dag


I dag har vi vore på sightseeing heile dagen. Turen heitte Peninsula Tour, som gjekk frå Cape Town, ned vestkysten til Cape The Good Hope og Cape Point. Første stopp var Hout Bay, der vi var på selsafari. Her er Trine og Anita på båten på veg ut til selane-som dokke ser, held dei godt rundt kaffikoppane sine for å halde varmen, for varmt i veret idag skal vi ikkje seie at det er.... :)


Her låg selane og slya seg stort sett heile dagen-ikkje særlig innbydande spør du meg...



Damene foran Hout Bay :) Som dokke ser bles det ganske sterkt, so sjølv om badestranda var veldig innbydande, var det sopass kald vind at oss heldt oss på land! Vi angra nesten litt på at oss ikkje tok med dunjakkene våra-so i Afrika er det ikkje alltid varmt har vi lært idag ;)



Her i Table Mountain Nasjonalpark går strutsane laust, so det er best å vere på vakt...




Som dokke ser er oss på Cape of Good Hope-ganske vindfullt....! Men fint var der :)



Åt middag på Cape Point. Her er den Sør-Afrikanske nasjonalretten Beboti, veldig godt!



Ved fyret på Cape Point.







Utsikt frå Cape Point mot Cape of Good Hope, fint :)




Siste stopp på turen var Boulders, der vi såg på pingvinane. Dermed var vår første sightseeingtur unnagjort, godt nøgd med den sjølv om temperaturen kunne vore litt høgare... :)


10 kommentarer:

Trine sa...

Upåklagelig sveis på nesten alle bilda;-)

Lise Neerland sa...

Ser ut som dere har det helt topp! Blir spennende å følge dere videre :)

Mor Løvlid sa...

Litt av en dag dokke har opplevd. Ser at det er vindfullt.Flott natur. Her har det "pøs"regna i heile dag. Opphald no.Gle me til neste Bildeserie. Kos dokke. Klem.

Jo Atle sa...

Ser fole kjekt ut..., og veldig kjekt å kunne følge dokke på blogg..:) kos eder Vidar...:)

Anette Mindresunde sa...

Så kjekt å sjå, heldig dåkke e :-) Gler meg til neste blogg ! Klem til dåkke alle !!

Vera sa...

ÅÅå så fint det e der!!!
Kjenne det rykkje i avtrekkerknappin;)))
Lure fole på ka døkke ska gjer på i mørga???
Håpe e finn det ut i mørga kveld;)
Blogg e tingen, sant???
Håpe dokke fe det litt varmare ettekvart;))
Klem

Bjørnhild sa...

For ein flott natur ! Ser ut som dokke har det supert, venter spent på fortsettelsen:)Klem.

Lene sa...

Heldigrisa! Ser ut som dokke he det kjempe fint, å som Vera sei, håpe dokke får det litt varmare! Kos dokke ;-). Klem

MoNel81 sa...

Så kjekt å følge med! Det er vel vinter i sør afrika nå, så dun jakka skulle dere tatt med vettu! Må ikke bli syke nå da!!!

Nina sa...

Takk-takk alle sammen :) Første vårdag imorgon, so satsar på tempen kjem seg ;)